tirsdag 6. januar 2009

Desse har du truleg aldri høyrt om

Hadde vi nokongong fått høyre om U2 dersom dei var fødde 10 år før? For 35-40 år sidan hadde ein ikkje særleg gode odds dersom du insisterte på å få gje uttrykk for ei kristen overtyding og samstundes hadde ambisjonar om ein plass på pop eller rockescenen. Ting har endra seg mykje i åra som har gått. No gjeld det berre å vere litt varsam med å hevde at ein har funne SANNINGA, så slepp ein unna med det meste.

Resultatet vart ein eigen "kristen-rock"-scene. Eg vedgår gjerne at denne scena var befolka av mange bleike kopiar av det som til ei kvar tid var populært ute i "verda", men eg vil likevel hevde at mange av desse musikarane hadde hevda seg godt same kva selskap dei hadde hamna i. Her har du eit par døme.

Phil Keaggy, fleire gonger kåra til ein av dei 3 beste fingerspelande gitaristane i verda av "Guitar Player Magazine" Og det greier han sjølv om han manglar halvparten av høgre peikefinger.



Om du likar slidegitar og lite fiksfakseri: Bryn Haworth