onsdag 25. februar 2009

Alderdomsteikn ?


Kris Kristofferson - This Old Road from New West Records on Vimeo.

Eg skjønte ikkje greia med Kris Kristofferson som songar. Johnny Cash og Waylon Jennings, OK. Willie Nelson, kanskje, men Kristofferson ? Surt og som ei kråke. Men no; noko av det finaste eg veit.

At mannen skriv og har skrive utruleg mange gode songar, har eg derimot aldri vore tvil om. Teksten på Pilgrims Progress frå siste plata hans er berre heilt fantastisk, etter mitt vit.

Pilgrims Progress

Am I young enough to believe in revolution
Am I strong enough to get down on my knees and pray
Am I high enough on the chain of evolution
To respect myself, and my brother and my sister
And perfect myself in my own peculiar way

I get lazy, and forget my obligations
I'd go crazy, if I paid attention all the time
And I want justice, but I'll settle for some mercy
On this Holy Road through the Universal Mind

Am I young enough to believe in revolution
Am I strong enough to get down on my knees and pray
Am I high enough on the chain of evolution
To respect myself, and my brother and my sister
And perfect myself in my own peculiar way

I got lucky, I got everything I wanted
I got happy, there wasn't nothing else to do
And I'd be crazy not to wonder if I'm worthy
Of the part I play in this dream that's coming true.

tirsdag 6. januar 2009

Desse har du truleg aldri høyrt om

Hadde vi nokongong fått høyre om U2 dersom dei var fødde 10 år før? For 35-40 år sidan hadde ein ikkje særleg gode odds dersom du insisterte på å få gje uttrykk for ei kristen overtyding og samstundes hadde ambisjonar om ein plass på pop eller rockescenen. Ting har endra seg mykje i åra som har gått. No gjeld det berre å vere litt varsam med å hevde at ein har funne SANNINGA, så slepp ein unna med det meste.

Resultatet vart ein eigen "kristen-rock"-scene. Eg vedgår gjerne at denne scena var befolka av mange bleike kopiar av det som til ei kvar tid var populært ute i "verda", men eg vil likevel hevde at mange av desse musikarane hadde hevda seg godt same kva selskap dei hadde hamna i. Her har du eit par døme.

Phil Keaggy, fleire gonger kåra til ein av dei 3 beste fingerspelande gitaristane i verda av "Guitar Player Magazine" Og det greier han sjølv om han manglar halvparten av høgre peikefinger.



Om du likar slidegitar og lite fiksfakseri: Bryn Haworth

lørdag 27. desember 2008

Dei hadde si tid, så vart det stilt

Jan Akkermann vart kåra til beste gitarist i verda i 1973. Eg tykte han var utruleg kul og trudde ei tid at Focus var backingbandet hans, på sama måte som E-Street Band har fungert som bandet til Bruce Springsteen.



Men det var før eg oppdaga Thijs van Leer.



Ein kjend musikar skal ha eingong ha sagt noko slikt som "når du er dem beste musikaren i eit band, er det på tide å skaffe seg eit nytt band". Eg veit ikkje om det var det Akkermann tenkte då han forlet FOCUS i 1976. Kva bandet hadde utvkla seg til om samarbeidet hadde halde fram, veit vel heller ingen -kanskje hadde dei rett og slett hatt si tid saman. Men soga om FOCUS gjev næring til tanken om at det unike og magiske oftast kjem som resultat av samarbeid og at det reint virtuose oftast vert for spesiellt interesserte.

Bruce Cockburn, verdas mest undervurderte ?

For 5 år sidan hadde eg aldri høyrt om mannen. Det at ein ved  eit tilfelle kan råke på ein slik artist som har gjeve ut så mykje fantastisk musikk gjennom så mange år, får meg til å innsjå at mitt musikalske univers er svært avgrensa. Men også eit håp om at der alltid vil vere von om å finne ein ny skatt. 

Først ei 38 år gamal perle.



Så hoppar vi 38 år framover. Den kompromisslause. Forklaringa på kvifor så mange aldri har høyrt om fyren?