lørdag 27. desember 2008

Dei hadde si tid, så vart det stilt

Jan Akkermann vart kåra til beste gitarist i verda i 1973. Eg tykte han var utruleg kul og trudde ei tid at Focus var backingbandet hans, på sama måte som E-Street Band har fungert som bandet til Bruce Springsteen.



Men det var før eg oppdaga Thijs van Leer.



Ein kjend musikar skal ha eingong ha sagt noko slikt som "når du er dem beste musikaren i eit band, er det på tide å skaffe seg eit nytt band". Eg veit ikkje om det var det Akkermann tenkte då han forlet FOCUS i 1976. Kva bandet hadde utvkla seg til om samarbeidet hadde halde fram, veit vel heller ingen -kanskje hadde dei rett og slett hatt si tid saman. Men soga om FOCUS gjev næring til tanken om at det unike og magiske oftast kjem som resultat av samarbeid og at det reint virtuose oftast vert for spesiellt interesserte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar